Butikk / Det er ikkje mine sko du ser
Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

ME-pasientar har like dårleg livskvalitet som kreftpasientar. Dette vart slått fast av norsk forsking frå Fafo og SINTEF i det samfunnsvitskapelege prosjektet Tjenesten og MEg i 2023. Sluttrapporten viser at ME-pasientar ofte opplever å ikkje verte tekne på alvor innan helse- og sosialtenester, tvungne inn i skadelege tiltak hos Nav og verte mistenkeleggjorde i samfunnet elles, noko som samla sett er til stor meirbelastning for i utgangspunktet skjøre ME-pasientar. Kan ein ME-pasient sine refleksjonar om livet vere med på å spreie forståing for diagnosen?


«Med denne debutboka står Tone Bakke fram med ei sterk og særmerkt litterær stemme. Prega av ein alvorleg ME-sjukdom formidlar ho tunge kvardagserfaringar, men også eit boblande overskot av glede og kjærleik til livet. Tekstane gjev nærleik til ein alvorleg livssituasjon, men også med tydlege invitasjonar til å reflektere over tida vi lever i og samfunnet vi er del av. Det er ikkje mine sko du ser er ei viktig bok – for alle.»
Ove Eide, pensjonert lektor, forfattar


kr 329.00

Produktinformasjon

  • Forfattere:
    • Tone Bakke

      Tone Bakke (f. 1985) er oppvaksen på Davik i Nordfjord, og er i dag busett på Vassenden i Sunnfjord. Ho er mor til to tenåringar, men er også kronisk sjuk med ME, og er i kvardagen sengeliggande i 22 timar av døgnet. «Det er ikkje mine sko du ser» er hennar bokdebut.

  • Format:13 x 20
  • Innbinding:Innbundet
  • ISBN:9788284162263

  • Forlegger: Forlagshuset Publica
  • Publiseringsdato: 1. juni 2024
  • Dimensjoner: 13 x 20

Flere bøker fra Tone Bakke

Det er ikkje mine sko du ser

Det er ikkje mine sko du ser

kr 329.00