Per Jan Ingebrigtsen (f. 1946) gav ut den førre diktsamlinga si Etter ei regnskur, så langt attende som i 1979. Sidan har han gjeve ut læreverk, barnebøker, tre vaksenromanar og fleire kritikarroste skodespel, i tillegg til songtekstar på 12 CD-\LP-produksjonar. Forfattaren Jon Fosse skreiv i si tid om Etter ei regnskur i organet for Noregs Målungdom: «Ingebrigtsen har igjen vore under poesiens regn". I titteldiktet Etter ei regnskur syner forfattaren at "han maktar å føra ordpenselen, han målar fram ein nattleg akvarellstemning i eit assosiasjonsrikt dikt». Frå Etter ei regnskur over til Lys og skugge, går det ei bru ein berre så vidt kan skimta konturane av i grålysninga, men ho er der.
I fotografia sine klarer Øyvind Hjelmen å finna det eksakte momentet
då noko usynleg vert synleg i det ein kan sjå.
- Jon Fosse
Urovekkende og betagende. Stanset tid. Tapt tid. Øyvind Hjelmens
bilder fester seg - blander seg med mottakerens egen erindring.
- Ketil Bjørnstad
Illustratør:
Øyvind Hjelmen
Format:15 x 21
Innbinding:Innbundet
ISBN:9788293641605
Lyrikk
| 20. mars 2018
kr 229.00
Produktinformasjon
Forlegger: Forlagshuset Publica
Publiseringsdato: 27. mai 2018
Dimensjoner: 15 x 21
Bokbeskrivelse
Lys og Skugge er Per Jan Ingebrigtsen si første diktsamling sidan 1979, og saman med Øyvind Hjelmen sine fotografi utgjer dette ei assosiasjonsrik samling tekst og bilde.
Lys og Skugge kan vera vandraren si oppleving av natur, like mykje som dikta og fotografia kan stå som underlege merkepålar - men sjeldan vegvisarar, i eit tenkt landskap.