Vi er alle berarar av vår eiga historie. Gleder og sorger i det livet som er levd, og gleder og sorger i livet no. Ikkje alle livshistorier ønskjer å bli fortalde. Men dei fleste menneske treng bekrefting og anerkjenning av eksistensen sin.
Eg ser eit lite barn i ein vaksen kropp
Røysta hennar gjallar i eit tomrom
virvlar rundt og kjem attende
Eg kjenner kampen hennar i eit nådelaus mørke
Ho kjempar for å fri seg frå eit livsvedheng av bly
Eg sender kjærleik utan ord
Ho vandrar vidare
Røysta hennar har stilna
Mona S. Olsen (f. 1956) er fødd og oppvaksen i Halden. Ho er gift, har to barn og fem barnebarn. Dei siste 22 åra av det yrkesaktive livet sitt har ho jobba i barnehage. No bur ho med mannen sin ikkje langt frå Iddefjorden. Vandring i ljos og skugge er den første utgjevinga hennar.