Butikk / To lyse hundar
To lyse hundar

To lyse hundar

  • Forfattere:
    • Per Jan Ingebrigtsen
      Per Jan Ingebrigtsen gav ut det førre skodespelet sitt, ”Ri vinden” i 2009. Sidan har han gjeve ut ei diktsamling, tre romanar og to barnebøker. ”Ri vinden holder mål både som poesi og teater. Ingebrigtsens tekst er full av fine språklige vendinger og originale metaforer” skreiv Bergens Tidende sin meldar, Ingvild Bræin, etter premieren i Bergen. Tordis Marie Espeland i avisa Sunnhordland skreiv: ”Hjelmen sine fotografi gjev ein ekstra dimensjon til teateropplevinga.” Skodespelet er innkjøpt av Norsk Kulturråd og vart pensum på så vel vidaregåande skular, som på fleire høgskular. Ein dramaturgisk DNA-test ville sannsynlegvis avslørt slektskapen mellom ”Ri vinden” og ”To lyse hundar”. Øyvind Hjelmen har tidlegare samarbeidd med Per Jan Ingebrigtsen om ”Ri vinden” og diktboka ”Lys og skugge”. I tillegg til ”Sentimental” - ei bok med forfattarportrett, har han gjeve ut to monografiar. Den nyaste av desse, ”Moments Reflected”, er internasjonalt prisbelønna. Han arbeider med det meste innan fotografi, og har hatt utstillingar i 14 land.
  • Illustratør: Øyvind Hjelmen
  • Format:15 x 21
  • Innbinding:Innbundet
  • ISBN:9788284161426

kr 279.00

Produktinformasjon

  • Forlegger: Forlagshuset Publica
  • Publiseringsdato: 15. oktober 2021
  • Dimensjoner: 15 x 21

Bokbeskrivelse

Ei gryande uro av å vera sperra inne, tek kampen opp mot den tryggleiken som dei stengde romma stundom kan gi. I «To lyse hundar» får Den eldre tida til å gå ved å studera korleis skyene endrar fasong og karakter. Korleis dei kan framstå i så mange nyansar av gråfargar at talet nærmar seg det uendelege. Han kan det same om skyer som det ein røynd ornitolog kan om fuglar. Ornitologen og han ser det som flyg dei fleste augo forbi. Ofte vert han forstyrra av Den yngre, som med sitt urolege sinn, ikkje kan gi opp håpet om å sleppa fri. Om å komma ut og gjera opp for noko han gjerne skulle sett ugjort. Den eldre finn trøyst i to lyse hundar, som stundom kjem diltande fram frå mørke krør, når han kallar på dei. Fotografia i To lyse hundar har som mål å utfordra lesaren og gi alternative og utvida tolkingar til teksten.

Forhåndsvisning av boka


Flere bøker fra Per Jan Ingebrigtsen

To lyse hundar

To lyse hundar

kr 279.00
Lys og skugge

Lys og skugge

kr 229.00
Gulla på rømmen

Gulla på rømmen

kr 249.00